Aktuelt

Første batteridrevne bilferja i Norge

Solund Verft AS strekte 27. November 2012 kjølen til ei kabelferje for fylkesvegsambandet Mjåneset – Hisarøy i Gulen kommune. Nybygget er Verftet sitt bygg nr. 8.

Reiarlaget er Wergeland AS som og driv kabelferja FJON-M i riksvegsambandet Duesundøy – Masfjordnes. Fjon-M var og bygd ved Solund Verft som verftets bygg nr.5.

Nybygget er konstruert av Solund Verft AS i samarbeid med reiarlaget Wergeland AS og Maritime Engineering AS Knarvik. Leveringsdato er juli 2013.

Hovuddata for fartøyet er:
LOA 35,0 m.
Bredde 8,6 m.
Ferja skal ha sertifikat for 49 passasjerar og kunne laste 6 personbilar
eller eit vogntog på 12,4 meter med totalvekt 32 tonn.
Akseltrykk 10 tonn.

Batterielektrisk framdriftssystem:
Drift av framdriftssystemet er med batteri som kraftkjelde som drift av el- hydraulisk vinsjar.
Kabeldrift av ferja skal vere etter same prinsippet som FJON-M med 2 ståltau strekt over sundet og ein vinsj på kvar side av fartøyet. Hisarøy-ferja vert såleis den første batteridrivne ferja i landet.

Heile ferja inkludert skrog og utrustning
vil verte utført ved Solund Verft AS.

For meir informasjon om prosjektet:
Kontakt senior ingeniør Jan Petter Færøy
Mob: 95926874
E-post: janpetter@solundverft.no

Nybyggingskontrakt for 2 stk. SC38 Kystnot-fartøy

Solund Verft AS har teikna nybyggingskontrakt for 2 stk. SC38 Kystnot-fartøy, konstruert av Seacon as, heimehøyrande i Måløy. Det er med stor glede at Solund Verft AS kan meddele at kundane er to reiarlag heimehøyrande i Sogn og Fjordane.

Lending Rederi AS frå Solund har kontrahert verftets bygg nr. 6. Dette fartøyet skal riggast for fiskeri med snurrevad, ringnot og garn. Det skal byggast med kombinerte fryserom og RSW- kjøling.

Vestøy AS frå Bulandet/ Askvoll har kontrahert verftets bygg nr. 7. Dette fartøyet skal riggast for fiskeri med snurrevad og ringnot. Det skal byggast med konvensjonell RSW- kjøling.

Leveringsdato er høvesvis januar 2014 og juni 2014.

Hovuddata for fartøya er:
LOA 38.55 m.
Bredde 9,5 m.
Lastekapasiteten er på om lag 420 m³ kombinert fryserom og RSW for bygg nr. 6.
Lastekapasiteten er på om lag 480 m³ RSW for bygg nr. 7.

Nybygg realisert med samarbeid i det maritime kompetansemiljøet i Sogn og Fjordane.

Dei to fartøya av typen SC38, er dei to fyrste i den ny generasjon kystnot- fartøy frå Seacon as. SC38 er vidareutvikling av det velprøvde designa SC34, som det er kontrahert totalt 9 fartøy av. Fleire av desse designa SC34 er utrusta ved verft i Sogn og Fjordane, med dyktige lokale underleverandørar. Solund Verft og begge reiarlaga har vore delaktige i utviklinga av det nye tilskottet til kystnot – flåten, og Seacon er stolt over å kunne presentere SC38, som i dag står fram som det ypparste innan design, brukarvennligheit og eigenskapar innan denne flåtegruppa.

Både reiarlag, konstruktør og verft, samt hovudtyngda av underleverandørane har lokal tilknyting og adresse i Sogn og Fjordane.

Reiarlaga og verftet er lokalisert i nabokommunane Solund og Askvoll.
Konstruktøren Seacon as, som og har ei lang rekke andre nybygg på leveringslista, er heimehøyrande i Vågsøy.
Elektroinstallasjonar skal leverast og installerast av HAFS Elektro, som er heime høyrande i Solund/ Hyllestad.
Innreiing skal leverast og monterast av Maritim Montering AS, som er heimehøyrande i Gaular.
Sparebanken Sogn og Fjordane har både byggjelån finansiering og finansiering av begge nybygga.
Innovasjon Noreg er og inne som finansiering for reiarlaga.
Wergeland Holding AS er inne som garantistiller og finansiering for byggeverftet.

Det ligg også an til at fleire sentrale underleverandørar på utrustningssida, vil ha regionalt opphav og adresse i fylket. Dermed har ein oppnådd at tyngda av verdiskapinga ha sitt opphav og base i fylket.

Begge reiarlaga og verftet har bak seg eit langvarig kundeforhold, der også større ombyggings arbeider på deira noverande farty er ein del av dette.

Skroga vil bli bygd ved Riga Shipyard i Latvia og deretter taua til Solund for utrustning. Største delen av utrusting og ferdigstilling vil utførast innandørs i den nye skipshallen ved verftet.

Verftets langsiktige satsing på opparbeiding av verftsfasilitetar, kompetanse og relasjonar i fiskerimiljøet, har no vist seg å gje resultat i form av desse to nybyggings kontraktane.

Det er og vesentleg for verftet å framheve at den normale aktiviteten ved verftet, reparasjons og vedlikehalds oppdrag framleis vil på gå med tilnærma normal kapasitet sjølv om nybygga er under utrustning.

For nærmare opplysningar verft, reiarlag
og konstruktør, kontakt gjerne:
Solund Verft v/ daglig leder (57786010)
Seacon as Rune ved Stian Nybakk (90674453)
Lending Rederi AS ved Magnar Lending (41236940)
Vestøy AS ved Helge Norheim (91581845)